Mahiya

Oslo, 挪威

Eg har undervist Ascension sidan 2006. To år før lærte eg Ascension ved eit uhell, og blei veldig overraska over korleis det går an å oppleve kvardagen. Teknikkane forandra livet mitt, og etter at eg lærte dei har eg ikkje angra eit sekund på at eg blei født. Det skjedde forresten i Bergen i 1973.

No jobbar eg i Oslo, der eg bur med familien min. Jobben min er å kjøre t-bane. Eg har teknisk utdanning og eg har lappen på bil, motorsag og i saueklipping. Alt eg gjer av praktiske ting får verdi når eg ikkje tenkar for hardt på det. Derfor er det lett å prioritere Ascension, for då kan eg fortsette å bli overraska.

 
+47 458 33 020